Hopp til hovedinnhold
Plakat for Eastbound & Down (2009)

Eastbound & Down

Serie
3

Ein avdanka baseballspelar returnerer til heimbyen, ein stad han gladleg vendte ryggen då han opplevde suksess. Han har sjølv køyrt karrieren sin i grøfta, og er eit utåleleg menneske, som utnyttar og øydelegg andre.

Danny McBride er den utprega Kenny Powers i HBO-komedien Eastbound & Down, som siktar på humor basert på hårreisande og destruktiv oppførsel. Det fungerer fordi det er så på trynet og formulert på useriøst vis, men også fordi me her har mange gode karakterar. Både gode som i snille motpolar til Kenny, og gode som i fargerike, sprø og dumme.

Serien Eastbound & Down fekk nok leve i overkant lenge, og han held ikkje nivået heile vegen. Det går ei grense for kor lenge og mykje tull som realistisk sett kan skje og Kenny framleis har ein sjans til å halde fram. Realisme er ikkje ein akilleshæl, det handlar vel meir om at det blir repetert mykje.

Ein ekstra sesong treng ikkje vere ein dårleg idé, meiner skribenten på Smells Like Infinite Sadness (smellslikeinfinitesadness.com). I omtalen av finalen blir fjerde sesong trekt fram som ein mogleg komisk topp, med ei avslutting som held fast på både det bisarre og kjenslene. Eg deler ikkje heilt begeistringa for kor lenge serien held fram. Kenny er framleis verdt tida, men gjentakinga blir meir merkbar enn fornyinga.

Komedie er uansett blant mine favorittsjangrar. Sjølv om dette ikkje er heilt topp heile vegen, så er det vel verdt tida.