Eastbound & Down - Filmdagbok

Eastbound & Down 2009

Ein avdanka baseballspelar returnerer til heimbyen, ein stad han gladleg vendte ryggen då han opplevde suksess. Han har sjølv køyrt karrieren sin i grøfta, og er eit utåleleg menneske, som utnyttar og øydelegg andre.

Danny McBride er den utprega Kenny Powers i HBO-komedien Eastbound & Down, som siktar på humor basert på hårreisande og destruktiv oppførsel. Det fungerer fordi det er så på trynet og formulert på useriøst vis, men også fordi me her har mange gode karakterar. Både gode som i snille motpolar til Kenny, og gode som i fargerike, sprø og dumme.

Serien Eastbound & Down fekk nok leve i overkant lenge, og han held ikkje nivået heile vegen. Det går ei grense for kor lenge og mykje tull som realistisk sett kan skje og Kenny framleis har ein sjans til å holde fram. Realisme er ikkje ein akilleshæl, det handlar vel meir om at det blir repetert mykje.

Komedie er uansett blant mine favorittsjangrar. Sjølv om dette ikkje er heilt topp heile vegen, så er det vel verdt tida.