Easy - Filmdagbok

Easy 2016

Easy er ein serie frå Netflix som eg gav ein sjanse utelukkande på grunn av involveringa til Joe Swanberg som serieskapar.

No er eg ingen stor fan av Joe Swanberg, med unntak av hans 2013-film Drinking Buddies. Men eg er interessert nok i å sjekke ut Easy.

I løpet av åtte episodar av første sesong får me fortalt historier knytt til karakterar i Chicago som har ein laus samanheng med kvarandre. Kvar episode omhandlar ein eller to nye historier, kor nye skodespelarar har hovudrollene. Serien kan blant anna skilte med Orlando Bloom og Elizabeth Reaser på rollelista.

Nokon av episodane er verkeleg gode, mens andre berre er gjennomsnittleg interessante. Det at samanhengen mellom episodane som regel berre er eit kjennskap i bakgrunnen av kvar episode hovudhistorie, er akkurat nok til at inntrykket av tilfeldige historier er fråverande. Ikkje sikkert det er nødvendig, men det gir meg iallfall ein liten ekstra motivasjon til å sjå neste episode.

Ein av mine favoritthistorier her er to brør som brygger øl. Eg har den gode Drinking Buddies i bakhovudet, og i tillegg blir historier om desse utforska over to episodar, som gjer at serien kan gå djupare.

Andre og tredje sesong held fram med nye historier, og nokon tilbakevendande karakterar. Det handlar om konfliktar og består av svært mykje snakk og til tider eit litt for stort hipsterpreg, men på grunn av enkeltepisodane i serien blir kvar episode ein ny sjanse. Vidare inn i den andre og tredje sesongen går eg ikkje her i innlegget, då teksten eg skreiv i tilknyting første sesong framleis gjeld.

Totalt sett er Easy eit lite vonbrot, men serien har sin lyspunkt og består av korte sesongar. Det er på ingen måte bortkasta tid, men tre sesongar er i grunn nok. Tida vil vise om det blir fleire. Eg likar at seriar som dette blir gitt ein sjanse, då kortare historier som ikkje er nok til å bli film kan få si plattform her.