Hopp til hovedinnhold
Plakat for Elite Histórias Breves: Carla Samuel (2021)

Elite Histórias Breves: Carla Samuel

Serie
3

Elite Histórias Breves: Carla Samuel er ein av fire miniseriar som dukka opp i forkant av fjerde sesong av Élite.

Handlinga i serien er om dei to karakterane Carla og Samuel. Det heile skjer litt rundt omkring, som på Madris flyplass og heime hjå Samuel.

I løpet av tre kortare episodar får me på sett og vis tetta litt av gapet som er mellom tredje og fjerde sesong av Élite. Då Carla går ut av serien, og dette blir hennar farvel med serien og med Samuel.

Dette er eit heilt kurant innslag til Elite-universet. Det er litt informativt, og ein grei måte for Élite å unngå at Carla brått blir borte utan forklaring.

Behovet for denne avskjeden blir derimot trekt i tvil av Jonathon Wilson på Ready Steady Cut (readysteadycut.com). Han meiner tredje sesong allereie gav forholdet ei god avslutning, og at miniserien tilfører lite nytt. Eg ser meir nytte i å få eit tydeleg farvel, men innvendinga er forståeleg. Eit mellomspel kan forklare overgangen utan nødvendigvis å gjere historia rikare.