Hopp til hovedinnhold
Plakat for Elite Histórias Breves: Nadia Guzmán (2021)

Elite Histórias Breves: Nadia Guzmán

Serie
3

Elite Histórias Breves: Nadia Guzmán er ein av fire miniseriar som dukka opp i forkant av fjerde sesong av Élite.

Handlinga i serien er om dei to karakterane Nadia og Guzmán, men involvere også andre frå Élite. Det heile skjer på tvers av Guzmáns hus, New York og fleire andre lokasjonar. Til samanlikning med Elite Histórias Breves: Guzmán Caye Rebe så er det meir variasjon her.

I løpet av tre kortare episodar får me på sett og vis tetta litt av gapet som er mellom tredje og fjerde sesong av Élite. Då Nadia si rolle blir langt mindre i serien, og dette blir ein del av hennar lengre farvel.

Dette er eit heilt kurant innslag til Elite-universet. Det er litt informativt, og ein grei måte for fjerde sesong av Élite å unngå og bruke tid på dette i sin første episode.

Kjemien mellom dei to er hovudstyrken for Greg Wheeler på The Review Geek (thereviewgeek.com). Han meiner den enkle historia om eit avstandsforhold fungerer godt og har ein tone som passar til hovudserien. Det forklarer kvifor eit slikt mellomspel kan ha ein verdi utover å fylle eit hol mellom sesongane. Skodespelarane får gi forholdet litt meir rom før historia går vidare.