
Elite Histórias Breves: Omar Ander Alexis
Elite Histórias Breves: Omar Ander Alexis er ein av fire miniseriar som dukka opp i forkant av fjerde sesong av Élite.
Handlinga i serien er om dei paret Omar og Ander, og ei kjærleiksinteresse til spesielt Ander som heiter Alexis. Miniserien fokuserer på at dette er eit farvel med Alexis, som er alvorleg sjuk med kreft.
I løpet av tre kortare episodar får me på sett og vis tetta litt av gapet som er mellom tredje og fjerde sesong av Élite. Då Alexis går ut av serien, og dette blir hans farvel med serien og med Ander og Omar.
Dette er eit heilt kurant innslag til Elite-universet. Det er litt informativt, og ein grei måte for Élite å unngå at Alexis brått blir borte utan forklaring.
Avskjeden blir meir enn ei praktisk forklaring for Pooja Darade på Leisurebyte (leisurebyte.com). Ho opplever historia som varm og legg særleg vekt på dei opne samtalane mellom Omar og Ander. Det gir eit anna tyngdepunkt enn mitt meir nøkterne inntrykk. Miniserien ryddar plass til det som kjem vidare, men kan også gi desse karakterane eit kjenslemessig punktum.
