
Elle
Elle er ei førehistorie til Legally Blonde-filmane. Me følger Elle Woods (Lexi Minetree) gjennom high school på 1990-talet. Det er Lexi Minetree si første store TV-hovudrolle, og ho handterer han godt.
Det er ikkje nødvendig å ha sett Legally Blonde for å henge med i kva som skjer her. Serien står greitt på eigne bein. Historia går for seg utan at me ser mot filmane. Sjølv om serien sjølvsagt er inspirert av og trekk i nokre trådar.
Lexi Minetree har noko av den same energien som Reese Witherspoon hadde i den første film. Ho gir Elle ein ungdommeleg sjarm som passar historia. Ho er truverdig som tenåring. Karakteren blir meir enn berre eit ekko av filmen.
Lexi Minetree fungerer godt i rolla frå starten av, synest eg. Jen Chaney på RogerEbert.com (rogerebert.com) er ikkje heilt einig. Ho meiner den første episoden er klønete, men at serien etter kvart finn forma si. Eg opplevde ikkje at serien trong særleg tid på å kome i gang. Problemet for meg er heller at han aldri blir noko særleg meir enn lett underhaldning.
Dei andre rollefigurane bidreg til at serien ikkje berre kviler på Lexi Minetree. Det er nokre interessante karakterar rundt ho som tilfører noko eige. Dei slepp å vere staffasje rundt hovudpersonen. Historia er ganske rett fram. Ikkje mykje overraskande, men ho held på merksemda.
Serien er morosam nok til at eg ikkje kjeda meg. Den har ein lett tone. Tempo er greitt. Eg sit ikkje igjen med at det var noko særleg minneverdig. Men det var heller ikkje poenget for meg.
