
Emily in Paris
Serie
3
Denne serien av Darren Star, skaparen av Sex and the City og Younger, liknar mykje på dei to nemnte seriane. Det handlar om ei kvinne i bylivet, og hennar møte med jobb og kjærleik. Det er ein serie rik på detaljar, inntrykk og romantikk. Med eit snev av alvor og nokre rare val som blir tatt, men i stor grad lystig og forteljing med høgt tempo.
Likskapen med Sex and the City blir òg trekt fram av Kait på Dark Side of the Word (darksideoftheword.com). Ho blir oppslukt av første sesong, særleg av kleda, Paris og samspelet mellom skodespelarane, men reagerer på dei stereotype birollene. Det er ei nyttig innvending til den lystige overflata. Serien kan vere lett å bli riven med av sjølv om ikkje alle detaljane er like gjennomtenkte.
