Hopp til hovedinnhold
Plakat for En natt (2018)

En natt

Serie
3

Det byrjar så bra med morosame stunder i dei to til tre første episodane. Jonas og Elizabeth går på blind date. Jonas er positivt innstilt, men Elizabeth har eigentleg ikkje lyst å vere der. Og dette byr på ei utfordring for Jonas som resulterer i god komedie.

Så tar serien etter kvart ei vending mot det dystrare. Resten av serien verkar som ein arena for desse to til å tømme seg for tragiske historier og negativitet. Berre små innslag med artige poeng gjer at det framleis er verdt å sjå.

Pål Frostad finn meir å glede seg over i vendingane på Filmkikk (filmkikk.no). Han meiner karakterane kjennest levande, og at det solide manuset og skodespelet gjer den lange natta både vakker og romantisk. Eg mistar noko av den interessa når det dystre tek over. Me blir begge gripne av opninga, men for meg blir dei tragiske historiene etter kvart tyngre enn møtet mellom dei to.

Totalen som er vurderer det som, er at En natt blir ein serie som romantiserer tragedie. Utan å gå vidare innpå det. Det kan falle i smak for nokon, men ikkje for meg.