2006 har vore eit Henrik Ibsen-år, ei markering på 100-årsdagen etter den store forfattaren gjekk bort. NRK feira med å produsere ein serie som tar for seg dei første leveåra til faren til det moderne dramaet. Frå 14–15 års alder og fram til han som 22 åring flytta til Christiania.
Skildringa er den første som er gjort på livet til Henrik Ibsen, men blandar inn solide dosar fantasi ettersom det er lite stoff å finne om mannen sine tidlege leveår.
Sjeldan er eg tålmodig nok til å følge ein serie på tv. Men dette er ein solid norsk serie, og ikkje minst veldig interessant. Ein god grunn til å sette av tre kveldar.
Sjølv om det er med eit knippe kjente ansikt som Sven Nordin, Kjersti Holmen og Bjørn Sundquist her, så vil eg gi æra til Anders Baasmo Christiansen — som i lag med andre relativt ukjente skodespelarar i framståande roller klarer å skape eit miljø som eg ikkje umiddelbart tenker på som eit norsk kjendistelt.
Dette skal visst vere ein av dei høgare prisa seriane til NRK Drama, og stiller med innleidde kostymer frå England, HD-filming og fjerning av asfalt i ei gate som innspelinga blir gjort i. Og filminga tok over 72 dagar.