
Enlightened
Sjeldan har eg likt ein HBO-serie mindre enn Enlightened. Og med tanke på at eg stort sett gler meg til å sjå nesten alle som utgjer mannskapet framover kamera, i andre filmar, så betyr det at serien har lite godt for seg.
Mitt største problem med Enlightened er det generelle synet på kva som er bra og dårleg. Dette er kjipt og typisk antikorporasjon. Hovudrolla blir prøvd framstilt som litt i overkant av å ha gode intensjonar, i tillegg til hennar galskap elles, men det skin gjennom at serien står på hennar side. Utan å ha noko argumentasjon til grunn for kvifor noko er bra og dårleg.
I omtalen av dei fire første episodane på Slant Magazine (slantmagazine.com) meiner Phillip Maciak at serien både gjer narr av Amy sine løysingar og held fast ved at ho fortener omsorg. Han finn ei menneskeleg tvityding der eg opplever ei langt mindre overtydande støtte til henne. Det er eit viktig skilje for mi oppleving. Eg treng ikkje at hovudpersonen skal ha rett, men serien må gi meg noko meir å bry meg om enn dei gode intensjonane hennar.
For meg framstår Enlightened som ein hyllest til det irrasjonelle mennesket, og eg ser heller ingen komedie etter min smak å lene meg på. Eg fullførte dei to sesongane som serien består av, men kan ikkje anbefale andre å gjere det same.
