Enlightened - Filmdagbok

Enlightened 2011

Sjeldan har eg likt ein HBO-serie mindre enn Enlightened. Og med tanke på at eg stort sett gler meg til å sjå nesten alle som utgjer mannskapet framover kamera, i andre filmar, så betyr det at serien har lite godt for seg.

Mitt største problem med Enlightened er det generelle synet på kva som er bra og dårleg. Dette er kjipt og typisk antikorporasjon. Hovudrolla blir prøvd framstilt som litt i overkant av å ha gode intensjonar, i tillegg til hennar galskap elles, men det skin gjennom at serien står på hennar side. Utan å ha noko argumentasjon til grunn for kvifor noko er bra og dårleg.

For meg framstår Enlightened som ein hyllest til det irrasjonelle mennesket, og eg ser heller ingen komedie etter min smak å lene meg på. Eg fullførte dei to sesongane som serien består av, men kan ikkje anbefale andre å gjere det same.