
Etter Benjamin
Etter Benjamin er ein fin serie, trass i eit svært trist utgangspunkt. NRK-serien tar oss med til Holmlia og livet før og etter at Benjamin Hermansen blei drepen i januar 2001. I serien er det Emil Sesay Stenseth som spelar Benjamin.
Dette er ein fiksjonsserie med utgangspunkt i verkelege hendingar. Me møter vennene, familiane og nærmiljøet. Dermed handlar historia om meir enn sjølve drapet, også om menneska som levde der og skulle leve vidare etterpå.
Det er den delen som fungerer best for meg. Å samle seg, finne eit fellesskap og handtere noko som blir verande i livet etter at den første tida er over. Serien gir plass til at ei slik hending har ei lang ettertid.
Anna Dordisdatter Malkenes på Periskop (periskop.no) er kritisk til korleis serien behandlar rasismen, men framhevar nærleiken til familiane og menneska på Holmlia. Det siste ligg også nær det eg får mest ut av.
Det triste utgangspunktet hindrar ikkje serien i å vise noko fint ved fellesskapet. Eg likar å få følge dei som står igjen, og korleis dei prøver å finne vegen vidare. Til det fungerer Etter Benjamin godt, sjølv om dette ikkje blir ein serie eg plasserer heilt i toppen.
