Hopp til hovedinnhold
Plakat for Everybody Hates Chris (2005)

Everybody Hates Chris

Serie
3

Den humoristiske og delvis biografiske serien om Chris Rock, med komikaren sjølv som forteljarstemme, gjekk i fire år på amerikanske UPN og The CW. Det handlar om ungdomsåra til Chris Rock og livet til familien hans, om mobbinga han blir utsett for og dei mange håplause situasjonane han hamnar i.

Serien prøver ikkje på realisme, men er i stor grad fantasirike innslag som både er illustrasjonar for poenga til forteljaren, og som del av handlingane.

Everybody Hates Chris er grei tidtrøyte for dei som har sett ein del seriar og har problem med å alltid finne nye og spennande seriar. For meg har han aldri vore prioritert, men ein serie eg har sett litt av og til, før eg siste tida har gjort eit lite krafttak i å bli heilt ferdig med han.

Det som er greia til Everybody Hates Chris og gjer han morosam nok til å halde ut med, er karakterane rundt Chris (Tyler James Williams). Den gjerrige faren Julius (Terry Crews), den opportunistiske broren Drew (Tequan Richmond) og alle i nabolaget. Chris er heller ein kjedeleg karakter som ikkje viser mot før heilt mot slutten av serien, godt ut i fjerde sesong. Og det er altfor seint.

Omtalen av første episode på The Tufts Daily (tuftsdaily.com) er også kritisk, men av ein litt annan grunn enn eg er. Skribenten meiner forteljarstemma til Chris Rock må halde liv i ei handling som ikkje er morosam nok i seg sjølv. Samtidig får Tichina Arnold og Terry Crews ros som foreldra. Det siste kjenner eg meg igjen i. Det er først og fremst familien og nabolaget rundt Chris som får meg til å le. Dei gjer serien grei å sjå innimellom, men ikkje til noko eg prioriterer.

Ingen anbefaling, men ei opplysing om at det finst betre.