
Familier som vores
Familier som vores er Thomas Vinterbergs sin første serie. Premisset er at heile Danmark må bli evakuert fordi vasstanden stig. Det er den tanken eg blei nysgjerrig på. Eg ville helst ha sett meir om kva som faktisk skjer når eit heilt land skal flytte. Kor mange kan reise kvar, kven tek imot dei, kva med papir, pengar og transport? Serien rører ved dette, men eg skulle gjerne hatt mykje meir av det praktiske.
I staden går mykje av tida og plassen til familiedrama. Namnet på serien legg opp til dette då. Serien følger fleire familiar gjennom sju episodar. Det er dei personlege konfliktane som får mest rom. Eg kan godt skjøne at Thomas Vinterberg vil fortelje det gjennom menneske og ikkje gjennom politikk og logistikk, men for meg blir balansen skeiv.
Verre er det at karakterane i eit par episodar gjer så mykje dumt at eg berre sit og irriterer meg. Når avgjerdene verkar å vere sett inn i serien berre for å drive dramaet framover, mistar eg interessa for dei som gjer dei. Eg er ikkje åleine om å reagere slik. Hos Soundvenue skriv anmeldaren at serien fungerer betre som idé enn i gjennomføringa. At serien held seg på overflata både når det gjeld karakterar, dilemma og det dystopiske scenarioet. Det er omtrent det same eg sit att med. Ein god idé som ikkje blir utnytta fullt ut. Les gjerne heile omtalen på Soundvenue (soundvenue.com).
Men i siste episode tek serien seg kraftig opp. Der får handlinga tyngd, og serien blir avslutta på ein verdig måte. Det gjer at eg går ut av han med eit betre inntrykk enn det eg hadde midt i.
Totalen er likevel ikkje meir enn litt over middels. Premisset fortener meir enn det eg fekk, og dei beste augneblinkane kjem seint.
