
Family Tree
Det er ikkje gull alt som blir sendt på HBO, og Family Tree er ei stadfesting på dette. HBO og Chris O'Dowd, som eg kjenner best frå den gode britiske serien The IT Crowd, var årsakene til at eg gjekk for denne serien.
Family Tree handlar om ein fyr som har mista jobben og dama, og som byrjar å grave i fortida til familien på jakt etter avlidne slektningar. Denne etterforskinga tar han til mange fargerike karakterar og stader, og det er sånt som skjer i den eine sesongen denne serien varer.
Det er komedie, men det er ikkje etter min smak. Til det er komedien for tona ned. Det er kanskje meir ein stemningskomedie enn ein med tydelege poeng, fysiske eller verbale. Det er situasjonen til hovudrolla som skal vere komisk, folka han møter og historia han oppsøker.
Rob Buckley på The Medium Is Not Enough (the-medium-is-not-enough.com) meiner også opningsepisoden oftare gir eit smil enn ein latter. Han finn likevel varme og gode observasjonar i den varsame skildringa av eksentrikarane. Eg treng meir komisk utteljing enn det. Folka kan vere rare og situasjonane underfundige, men når alt blir så tona ned, får eg lite lyst til å følge jakta vidare.
Kanskje dette er det enkelte fans av britiske komedie har sansen for. Kva det no enn er som definerer britisk komedie, så er dette ei grein av det spesielle og svært så tona ned konseptet.
