Det er ikkje gull alt som blir sendt på HBO, og Family Tree er ei stadfesting på dette. HBO og Chris O'Dowd, som eg kjenner best frå den gode britiske serien The IT Crowd, var årsakene til at eg gjekk for denne serien.
Family Tree handlar om ein fyr som har mista jobben og dama, og som byrjar å grave i fortida til familien på jakt etter avlidne slektningar. Denne etterforskinga tar han til mange fargerike karakterar og stader, og det er sånt som skjer i den eine sesongen denne serien varer.
Det er komedie, men det er ikkje etter min smak. Til det er komedien for tona ned. Det er kanskje meir ein stemningskomedie enn ein med tydelege poeng, fysiske eller verbale. Det er situasjonen til hovudrolla som skal vere komisk, folka han møter og historia han oppsøker.
Kanskje dette er det enkelte fans av britiske komedie har sansen for. Kva det no enn er som definerer britisk komedie, så er dette ei grein av det spesielle og svært så tona ned konseptet.