Fawlty Towers - Filmdagbok

Fawlty Towers 1975

Det overraska meg over kor lite eg eigentleg likte Fawlty Towers. Serien blir sett på som blant det beste av britisk komiserie, er med John Cleese og har ein morosam karakter i spanske Manuel.

Men likevel sit ikkje dette så godt hjå meg som eg skulle ønske. Ikkje fordi det er Fawlty Towers det er snakk om, men eg ønsker generelt at all komedie eg ser skal vere morosam, enkelt nok.

Det som trekk ned er at dette først og fremst er ein slitsam form for humor. Det meste handlar i grunn om korleis karakter til John Cleese som er Basil blir stressa av det meste. Denne forma for stressande eller irriterande humor med håplause situasjonar skal vere eksepsjonelt utført for at det fell i smak hjå meg.