Hopp til hovedinnhold
Plakat for Festen (2019)

Festen

Serie
3

Sesong tre av den svenske ungdomsserien Festen runda av for ikkje lenge sidan. Og med strøymetenesta til SVT tilgjengeleg for oss i Noreg, så blei det til å sjå serien derifrå denne gongen. Ei litt anna oppleving, då det er mykje svensk slang som i beste fall blir leseleg på undertekstane.

Festen handlar om ei gruppe ungdommar som i første sesong blir involverte i ein skyteepisode på ein fest. Den første sesongen viser eit frampeik til festen, og bygger forløpet opp stykkvis over ni episodar. Ungdommane er ei blanding med foreldre frå Sverige og andre land, og handlinga går føre seg i Malmø. Ein svensk by som ikkje er kjent for å vere den tryggaste.

Serien er gripande og seriøs. Han er godt laga, og blir meir enn berre ein uskuldig ungdomsserie. Karakterane er samansette, og spelt av handplukka skodespelarar. Dette kjem endå meir til rette i andre sesongen meiner eg. I han er handlinga lagt til ei stund etter festen, og korleis livet til dei ulike går vidare. Ikkje utan problem knytt til episoden som skjedde. Og nye problem blir introduserte, sånn at serien ikkje blir ein repetisjon av gammalt materiale.

Django Lorentzson på MovieZine (moviezine.se) er langt mindre overtydd av karakterane. I ein kommentar om svenske ungdomsseriar meiner han at figurane i Festen blir låste til typar, utan nok menneskeleg djupn. Eg opplever dei som meir samansette, særleg i andre sesong. Det er nettopp når serien følger korleis dei lever vidare etter festen, at dramaet kjem nærare for meg.

Dette er ein serie som går fort unna, og byr på godt drama. Sverige er både nærme, men også fjernt. Dette gjer at handlinga i Festen balanserer med å gå innpå meg og by på god underhaldning som fiksjonen det er.