
Firefly
Så var det igjen på tide med eit gjensyn av denne altfor korte serien, som utruleg nok fekk ein film som oppfølgar og usannsynleg, men vonleg får endå meir i framtida å vise til. Eg lever i håpet.
Firefly er Buffy the Vampire Slayer-skaparen Joss Whedon sitt science fiction- og westernbarn med stort potensiale der berre små bitar får sjansen til å bli utforska. Captain Malcolm Reynolds (Nathan Fillion) med mannskap, eit fargerikt og fornøyeleg persongalleri med einaste til felles at dei er vanskeleg å sette i bås, valfartar frå planet til planet i romskipet Serenity, eit 03-K64-Firefly type romskip for å spesifisere.
Dei ulike planetane har likskapar med små byar i ville vesten-historier og likskapane sluttar heller ikkje her. Firefly gir science fiction ei brun jakke og framstiller eit folk med fantastiske teknologiske utvinningar som usivilisert og tøft å ferdast i blant, her ligg det sjølvsagt rom for mykje fart og spenning, men også humor og utradisjonelle vendingar.
I løpet av sine fjorten episodar klarer denne serien å skape utgangspunktet for ein eigen mytologi eller eit eige univers av planetar, folk og historier. Til grunne for forholdet Malcolm Reynolds har til den mest siviliserte, men akk så mørke delen av universsamfunnet, Alliansen, ligg ein verdsromsleg borgarkrig mellom nettopp Alliansen og Dei Sjølvstendige som me berre får vite smakebitar frå. Nok igjen ein snev av western, med røter i fakta framfor fiksjon, eg tenker sjølvsagt på borgarkrigen i Nord-Amerika.
Romskipet Serenity får i byrjinga av serien to nye passasjerar viss historie måtte fortsette i filmen Serenity for å spele seg ut vidare mot ei avslutting. At passasjerane Simon (Sean Maher) og River (Summer Glau) er rota til ein del trøbbel, er ikkje til å legge skjul på. Men den største gleda ligg i kva kvar episode leverer. Det er solid spenning, anten åleine eller i lag med nye spor i historia eller meir om Simon og River. Du ser mønsteret. Det er alltid spennande uansett kva som måtte skje.
Det er lett å skryte av ein serie, gjerne fordi du helst ser ferdig dei seriane du likar og kuttar ut dei du ikkje likar og dermed har lite å seie om dei. Igjen blir fokuset dei ferdige og då med skryt for ikkje å dumme deg sjølv ut ved å innrømme at du har brukt tid på noko du eigentleg ikkje likar, kven vil finne på slikt?
Skrytet til Firefly er velfortent, i lag med Battlestar Galactica er det min science fiction-favoritt, med ein knapp på Firefly. Alt blir ikkje forklart så godt som eg skulle ønske, på grunn av den avgrensa sesongen, men her ligg også litt av mystikken som gjer at dette blir sittande som ei så positiv oppleving med lysta på meir.
Mannskapet er òg høgdepunktet for Dan Owen på Dan’s Media Digest (danowen.blogspot.com). Han meiner skodespelarane verkar samansveisa nesten frå første stund, som om dei alt har reist saman i årevis. Der er det lett å vere samd. Han saknar derimot fleire science fiction-idear bak westernpreget og finn nokre svakare episodar. For meg held denne blandinga interessa så godt at lysta på meir berre veks gjennom sesongen.
Eg vil også nemne på tampen at eg har sett Firefly to gonger før. Begeistringa kjem altså ikkje berre av at eg nettopp har fullført serien. Det overraskar meg kor solid han er ved eit gjensyn. Han er like god som eg fekk inntrykk av førre gong eg såg han.
