Hopp til hovedinnhold
Plakat for Five Days (2007)

Five Days

Serie
3

Five Days er ein todelt sak. To sesongar og to ulike historier. Den første er klart den beste, den andre er ein svak etterslepar. Begge sesongane handlar om politietterforsking, fordelt over fem dagar.

I første sesong handlar det om ei forsvinning. Ei mor blir borte, og etterlet seg barna sine. Det er få spor etter kor ho kan ha blitt av. Og sesongane handlar om etterforskinga i dei nære dagane etter hendinga først, deretter mange månader etterpå. Dette blir ingen favoritt for meg, men er greit nok til britisk politiserie å vere.

I andre sesong blir eit barn etterlate på eit sjukehus, og ein person blir påkøyrt av eit tog. Fleire andre små historier er blanda inn i dette, og me følger også her ei etterforsking i nære dagar, og lengre tid etter. Det er lite å interessere seg i her. Historia verkar for tynt påsmurt, spreidd, og utan ein bestemt tråd som kan gi ei gripande spenning til å halde interessa oppe på tvers av sesongen.

Gerard Gilbert på The Arts Desk (theartsdesk.com) meiner andre sesong lovar meir enn han held. Han blir halden fast av forteljinga undervegs, men opplever at det han blir lova, ikkje blir innfridd. Eg kjenner att skuffinga, sjølv om eg også strevar meir med å halde interessa oppe. Dei mange trådane gir meg ikkje den spenninga eg treng.

Eg vil rå mot å sjå den andre sesongen, mens den første er kurant om du har sansen for den spesielle stilen britisk krim pleier å inneha.