
Flaked
Will Arnett viser seg som ein meir seriøs skodespelar i Flaked, som går fram og tilbake mellom komedie og drama.
Miljøet er Venice, Sør-California. Will Arnett er ein sober alkoholikar med ein krakkebutikk. Nettverket hans består av fleire sobre alkoholikarar. Overraskande og positivt nok handlar ikkje serien så altfor mykje om at desse folka er ei hårsbreidd unna å gå tilbake til drikkinga.
Eg hadde lest litt om serien på førehand, og visste at dette var litt drama, men tenkte ikkje at variasjonen mellom komedien og dramaet skulle bli så stor som han er innimellom. Flaked skapar med dette, med miljøet sitt og med eit flott rollegalleri si eiga greie.
Will Arnett spelar ein kjent og moderne variant av god person, men med sine feil. Eit grep for å gjere det menneskeleg, eller ei sjuk trong til å sjå andre feile. Eg har ingen aning lenger om kva årsaka er. Men eg har sansen for dei gode sidene ved han, og ser ingen motivasjon i dei dårlege. Det eg ser er ein øydeleggande altruisme, men eg skal ikkje utdjupe meir i fare for å avsløre handlinga til serien.
Visst er serien altså full av øydelagde menneske, men når eg vel å glede meg over dei gode delene av serien, så er ikkje Flaked så aller verst alt i alt.
Will Arnett sitt skodespel får ros også på The Binge Fix (thebingefixblog.wordpress.com), men skribenten skil mellom framføringa og sjølve karakteren. Omtalen meiner at Chip får for lite djupn til at dei gode og dårlege sidene heng overtydande saman. Eg har meir sansen for dei positive delane, men kjenner igjen problemet med å forstå kva som driv han. Miljøet og rollene gir meg likevel nok til å bli verande.
