
Flight of the Conchords
På langt nær så framme i lyset på HBO som Entourage klarte likevel Flight of the Conchords å skape seg eit namn og ein fanbase. Meg inkludert.
Nok til at ein første sesong blei følgd opp av andre sesong. Det var velfortent. For Flight of the Conchords er eit flott avbrekk frå så mange overflatiske og påtrengande komediar med sine lune og rare humor.
Ikkje at Flight of the Conchords aldri blir hysterisk, men den gode kjensla ligg meir under huda og tilknyting til rollane er viktigare her enn mange andre stader. Episodane er stabile, både i samanhengen og individuelt sett.
Musikken er sjølvsagt det beste her, tett følgd av vitsane om new zealandske folk i New York.
Songane kjem også først for Randy Miller III på DVD Talk (dvdtalk.com). I omtalen av begge sesongane meiner han dei tynne historiene blir vegne opp av tørr humor og gode replikkar, og han set sesongane like høgt. Det passar godt med kjensla mi av ein stabil serie. Dei musikalske avstikkarane blir ekstra gode fordi me kjenner dei små nederlaga og dei store ambisjonane til dei som syng.
