Hopp til hovedinnhold
Plakat for Flukten fra Bolivia (2025)

Flukten fra Bolivia

Serie
4

Flukten fra Bolivia er ein TV 2-serie som er laust basert på hendingane då nokre unge norske jenter blei tekne for smugling av narkotika ut av Bolivia for ein del år sidan.

Eg følgde aldri med på saken, så eg veit ikkje kva som er sant eller ikkje. Men det er ikkje så nøye. Resultatet her er ein veldig spennande serie som står godt på eigne bein. Det er nerver i kvar episode. Det er interessante karakterar. Serien er passe stor i omfang av miljø. Så han verka påkosta nok til ein viss variasjon, men ikkje for påkosta til å skulle forsøke å imponere med for mange kunstige kulisser.

Har du eit sterkt forhold til historia som dette er inspirert av, og er oppteken av fiksjon skal tilnærme seg fakta i slike produksjonar, så bør du kanskje styre unna Flukten fra Bolivia. Er du berre på jakt etter ein god, norsk spenningsserie så kan eg varmt rå deg til å sjå han.

Fengselsmiljøet får òg ros av Geir Kamsvåg på Cinema (cine.no). Han meiner serien er på sitt sterkaste der, med visuell truverd og ei samansett hovudrolle frå Ella Øverbye. Samstundes ønsker han meir om media og norske styresmakter. Eg legg mindre vekt på kva serien kunne ha undersøkt utover sjølve dramaet, men rosinga av miljøet og den menneskelege nerven kjenner eg godt att.