Foo Fighters Sonic Highways - Filmdagbok

Foo Fighters Sonic Highways 2014

Dave Grohl og resten av Foo Fighters tar oss med på ein rundtur i USA, frå by til by med musikktradisjon og musikkhistorie. I løpet av åtte episodar blir også åtte songar spelt inn i kvart sitt studio i desse byane.

Sonic Highways, som også er namnet på albumet, er ei nydeleg og variert reise. Interessante musikarar og personlegdommar blir intervjua og fortalt om, i mange sjangrar. Det handlar akkurat passe mykje om Foo Fighters til at serien i heilskap blir eit lite innblikk i dei også, men i stor grad er det inspirasjonen som tar merksemda.

Eg er ikkje nødvendigvis så stor fan av dokumentarar som formidlar eit synspunkt, men inspirasjonen til Foo Fighters er i stor grad ein subjektiv sak, og formidlinga kan difor gjerne vere personleg. Med dette utgangspunktet kosa eg meg stort med Sonic Highways, og tok det med ro med maks ein episode om dagen, før eg gledde meg til neste.

Som tv-dokumentar om musikk er sjangerblandinga som er gjort her fin, og fungerer godt sjølv om eg ikkje er blodfan av Foo Fighters.