For ei stund sidan gav eg meg i gong med den femte sesongen av Första dejten, varianten til SVT av det britiske konseptet First Dates som i Noreg har gått på discovery+ som Første date. I grove trekk handlar dette om det same, at ukjente blir sett saman ut frå nokre kriterium, og at me får sjå deira første stemnemøte på tv.
Men der den norske versjonen, Første date, har eit format og ein tone som ofte endar opp med å gjere narr av deltakarane. Så har SVT tydelegvis gjort eit betre arbeid i å sette saman folk som passar godt, og me får møte ei rekke flotte menneske, kor særtrekk blir portrettert på ein god måte. Första dejten er med andre ord eit hyggeleg program der utfallet også oftare er betre enn i Første date.
Har du sansen for den romantiske delen av Første date, så vil du nok ha glede av Första dejten. Dessverre var berre femte sesong tilgjengeleg når eg byrja, men nokre månader etter kom sjette sesong og leverte varene igjen.