Hopp til hovedinnhold
Plakat for Friends (1994)

Friends

Serie
4

Tidleg i mai bestemte eg meg for å gjere Friends om frå ei sjeldan og tilfeldig sett komedieoppleving på TV 2 til ein grundig besøkt serie sett på eigne premiss, nemleg i kronologisk rekkefølge. No kjenner eg folk som har brukt mindre enn mine tre månader på serien, men herre, me må jo pause i blant!

Tankane etter å ha sett første sesong var at Friends var morosamt. Det er stort sett noko å smile over heile vegen, og det var det eg var på jakt etter. Utan å gjere dette om til eit innlegg av den typen så kan eg vel også sei at eg har sett betre komediar.

Friends har ikkje, så tidleg i fasen iallfall, det som skal til for å hekte meg og kaste meg over neste episode. Her må mi eiga lyst for komedie stå åleine. For min del var det akkurat ein slik serie eg leita etter. Eg ville ha noko morosamt som ikkje drog meg like djupt inn i TV-verda som andre seriar har gjort i det siste.

Lite trengs å bli sagt om Friends med tanke på handling, karakterar, oppbygging. Det er klart at serien har vore med på å danne trendar i ungdomsmiljøet eg var ein del av, for her er det lett å kjenne igjen uttrykk og måtar å uttrykke seg på, likevel om det no er amerikansk. Eg likte første sesong godt nok til å få lyst til å sjå resten.

At eg har fullført løpet, seier ein del. Eg har likt serien og har ikkje blitt lei. Friends går an å bruke 87 timar av livet sitt på utan å bli sinnsjuk eller emosjonelt nedbroten. Til tider har eg nok sett litt for mange episodar etter kvarandre. I tillegg til Friends har eg desse tre månadane sett andre seriar og filmar og gjort ting utanom. At ting utanom i blant har gått på rekning på Friends-sjåing, som denne dagen då eg skreiv dette og ikkje har rukke anna etter jobb enn å ete middag, sett Friends og ete kveldsmat. Det får bli med dette.

Om serien vil eg sei følgande, han har hatt ei kraftig utvikling, både for det betre og verre, gjennom dei ti åra han rulla over skjermen. Første sesong staka ut komediekursen og serien fann etter kvart tonen på dramafronten. Finjusteringar skjedde over tid både med tanke på skodespel, vitsar og seriøse hendingar. Lenge var det eit godt driv i serien, sjølv om eg aldri kan seie meg frelst leverte han som forventa av spøkar, var dønn stabil og eit tilsynelatande godt produkt. Ikkje alle karakterane er like morosame heile vegen, men det er pirking å klage for mykje, før det nærma seg slutten.

Eg forstår at dei som følgde serien over lang tid, set pris på ein konklusjon som kjem gradvis gjennom siste sesong. Sjølv synest eg dei to–tre siste sesongane gjekk nedover. Det var likevel ingen nedtur i den forstand. Den beste tida er mellom andre og femte sesong. Her er humoren perfeksjonert. Serien spelar ikkje for mykje på vaksne ting som bryllaup, og tippar heller ikkje over i sekvensar som berre er drama utan vitsepoeng.

Også Mark Baker på Carstairs Considers (carstairsconsiders.blogspot.com) føretrekk dei tidlege sesongane, sjølv om han er langt meir begeistra for serien samla. Han meiner dei seinare åra mistar noko av varmen, og at forholdet mellom Ross og Rachel blir trekt vel langt ut. Det er ikkje heilt det same som mi innvending mot meir drama og mindre humor, men peikar mot noko liknande. Eit kjent persongalleri er ikkje åleine nok til å halde friskleiken oppe i ti sesongar.

Når serien er ferdig sit eg ikkje igjen med noko klump i halsen, eg tenker mest på kva det neste store tv-prosjektet mitt skal bli, og får seriøse tankar om dette. Friends varte litt for lenge og trappar etter kvart ned på det meste av det som gjorde han god på sitt beste, det er difor ikkje så mykje igjen som kan føre til eit sluttsjokk. Eit sluttsjokk er det du opplever når du har sett ferdig eit sterkt kjensleladd drama.

Har eg verka i overmåte negativ på enkelte område? Kanskje du lurer på kvifor eg i det heile såg ein serie eg verkar halvfornøgd med. Det er aldri like artig å skrive gjennomsnittlege, positive innlegg. Det er mykje greiare å sette småting på spissen eller ende opp med fullstendig skryt.