Friends - Filmdagbok

Friends 1994

Tidleg i mai bestemte eg meg for å gjere Friends om frå ei sjeldan og tilfeldig sett komedieoppleving på TV 2 til ein grundig besøkt serie sett på eigne premiss, nemleg i kronologisk rekkefølge. No kjenner eg folk som har brukt mindre enn mine tre månader på serien, men herre, ein må jo pause i blant!

Tankane etter å ha sett første sesong var at Friends var morosamt. Det er stort sett noko å smile over heile vegen, og det var det eg var på jakt etter. Utan å gjere dette om til eit innlegg av den typen så kan eg vel også sei at eg har sett betre komediar. Friends har ikkje, så tidleg i fasen iallfall, det som skal til for å hekte meg og kaste meg over neste episode. Her må mi eiga lyst for komedie stå åleine. For min del var det akkurat ein slik serie eg var på jakt etter, noko som ikkje trakk meg så djupt inn i tv-verda som andre seriar har gjort den siste tida, eg var altså berre på jakt etter noko morosamt.

Lite trengs å bli sagt om Friends med tanke på handling, karakterar, oppbygging. Det er klart at serien har vore med på å danne trendar i ungdomsmiljøet eg var ein del av, for her er det lett å kjenne igjen uttrykk og måtar å uttrykke seg på, likevel om det no er amerikansk. Eg likte første sesong godt nok til å få lyst til å sjå resten.

At eg har fullført løpet seier ein del, som at eg har likt serien, at eg ikkje har blitt lei, at Friends går an å bruke 87 timar av livet sitt på utan å bli sinnsjuk eller emosjonelt nedbroten, at eg til tider har sett litt for mange episodar etter kvarandre då eg i tillegg til Friends desse tre månadane har sett andre seriar, filmar og gjort ting utanom. At ting utanom i blant har gått på rekning på Friends-sjåing, som denne dagen då eg skreiv dette og ikkje har rukke anna etter jobb enn å ete middag, sett Friends og ete kveldsmat. Det får bli med dette.

Om serien vil eg sei følgjande, han har hatt ei kraftig utvikling, både for det betre og verre, gjennom dei ti åra han rulla over skjermen. Første sesong staka ut komediekursen og serien fann etter kvart tonen på dramafronten. Finjusteringar skjedde over tid både med tanke på skodespel, vitsar og seriøse hendingar. Lenge var det eit godt driv i serien, sjølv om eg aldri kan sei meg frelst leverte han som forventa av spøkar, var dønn stabil og eit tilsynelatande godt produkt. Ikkje alle karakterane er like morosame heile vegen, men det er pirking å klage for mykje, før det nærma seg slutten.

Dei som følgde serien over lengre tid kan eg forstå vil sette pris på ein konklusjon som skjer gradvis over heile den siste sesongen, personleg synst eg dei to-tre siste sesongane av serien var ein tur på veg nedover, om likevel ikkje ein nedtur i den forstand. Den beste tida er mellom andre og femte sesong, her er humoren perfeksjonert, serien spelar ikkje altfor mykje på vaksne greier som bryllaup og liknande og slepp denne tippinga over mot å lage enkelte sekvensar som utelukkande er dramatiske utan vitsepoeng.

Når serien er ferdig sit eg ikkje igjen med noko klump i halsen, eg tenker mest på kva det neste store tv-prosjektet mitt skal bli, og får seriøse tankar om dette. Friends varte litt for lenge og trappar etter kvart ned på det meste av det som gjorde han god på sitt beste, det er difor ikkje så mykje igjen som kan føre til eit sluttsjokk. Eit sluttsjokk er det du opplever når du har sett ferdig eit sterkt kjensleladd drama.

Har eg verka i overmåte negativ på enkelte område her, og du stiller deg spørsmålet kvifor eg i heile tatt såg denne serien som eg verka å vere halvfornøgd med, må du vite at det aldri er artig å skrive gjennomsnittlege positive innlegg, men at det er så mykje greiare å sette småting på spissen eller ende opp med fullstendig skryteskriveri.