Friends from College - Filmdagbok

Friends from College 2017

Friends from College er ein Netflix-serie om seks personar som har gått på college i lag, og som har halde kontakte sidan den gong. Dei er i byrjinga av 40-åra og har alle flytta til New York, der liva deira er prega av ikkje fullt så problemfri romantikk.

To av dei gifte karakterane i serien har vore utru i lag sidan ungdommen av, og dette får store konsekvensar for alt og alle utover i første sesong.

Serien er på veg mot å bli god, men manglar det siste på vegen. Ingen av karakterane stikk seg ut som spesielt interesserte. Fleire av episodane har sekvensar som dreg ut, der eit og same poeng blir gjenteke til det blir keisamt.

Men typen komedie serien går for er lett å like. Det er litt på kanten, i form av at det er over toppen og ikkje fullstendig realistisk. Forviklingane er fletta saman og på toppen av kvarandre, noko som gjer liva og avgjerslene til karakterane komiske.

Friends from College kan fort gå under radaren, men er ein fin og ikkje altfor lang serie å krydre kvardagen med.