Hopp til hovedinnhold
Plakat for Fringe (2008)

Fringe

Serie
4

Serien Fringe handlar om ein hemmeleg avdeling i FBI som etterforskar hendingar utanom det vanlege.

Den stort sett episodiske serien streifar innom folk med ekstraordinære eller skremmande eigenskapar. Teknologi eller medikament er kjerna i mykje av det serien handlar om.

Det er den tilnærma vitskaplege innfallsvinkelen til Fringe-avdelinga, som er seriøs, dyktig og litt humoristisk på toppen, som gjer sakene i Fringe interessante.

Skribenten på A Writer’s Blog (rebeccacrunden.com) trekker allereie undervegs i den første sesongen fram balansen mellom science fiction og personlege forhold. Møtet mellom Peter og faren, og banda til Olivia, gir dei merkelege sakene eit menneskeleg feste. Det er eit viktig grunnlag for det eg likar ved resten også. Serien kan endre både univers og tidslinjer fordi me framleis har personar å følge, heller enn berre stadig nye påfunn.

Det har mykje å seie at serien etter kvart utviklar seg til å omfamne parallelle univers, endra tidslinjer og meir. Endringar som gir karakterane nytt liv, og serien nye utfordringar.

Utviklinga fører til variasjon, men kjerna i serien blir alltid den same. Fringe går difor ned på høgkant, då den eine sesongen etter den andre gjer meir enn å repetere den førre.