Fugueuse - Filmdagbok

Fugueuse 2018

Fugueuse er eit mislykka kanadisk forsøk på å vere eit farleg syn på livet til ei forstadsjente det går dårleg med. Ludivine Reding viser mange sider av seg sjølv i eit forsøk på å vere skodespelar, men blir som eit ornament i serien. Hennar uskyldige kvalitet er vel det einaste som reddar ho inn igjen litt.

Mange av karakterane er vanskelege å tru på. Dei er nesten for fæle til at det blir truverdig i måten serien legg dei fram på. Reisa til jenta i hovudrollen er så dyster og grusam at det nesten er til å le av. Men det er også så tungt at det er eit ubehag. Eg likar ikkje dette ubehaget, men vurderer det likevel som ein kvalitet i mi rangering.

Serien er kjent som Farleg kjærleikNRK.