Nok ein serie som fort går nedover. Full Metal Panic! startar bra og er bra den første halve delen av serien. Det kan seiast at det berre er denne halvdelen som er ein adapsjon av mangaen, mens resten er nytt materiale.
I andre halvdel går det nedover, og det blir rett og slett kjedeleg. Her tok visst produksjonsselskapet over, og skreiv sine eigne handlingar, og resultatet er bortkasta. Karakterane blir typiske klisjear i lag med episodar som best kan skildrast som fyll.
God animasjon, musikk og dei første tolv episodane er dermed verdt å nemne. Og om du ikkje er som meg og kjenner behovet for å sjå alt av ein serie, kan du trygt sjå desse episodane og slutte der.
Så har vi andre sesong. Full Metal Panic? Fumoffu. Som også kan skildrast som ein tilleggserie til Full Metal Panic! Handlinga her går føre seg mellom Full Metal Panic! og ein seinare oppfølgjar som heter Full Metal Panic! The Second Raid.
Fumoffu er eit tulleord som maskoten i serien seier, og som hovudsakleg er lagt til tittelen for å skilje han frå hovudserien.
Og som tulletittelen er også dette ein tulleserie, som eg angrar på at eg starta på, men likevel fullført. No var ikkje hovudserien den beste mot slutten, men dette er berre komedie blitt, og ikkje så veldig bra heller.
Det har nok med forventningar å gjere, og eg likte i grunn det tøffe og militære ved Full Metal Panic! Her er det blant anna ein bamse eller maskot som sprett rundt og skyt, og alt er berre fryd og gammen. Handlinga er lagt til high school, og så vidare.