Futurama har eksistert sidan 1999. Serien har hatt fem sesongar på Fox, fire filmar og nokre ekstra sesongar på Comedy Central. Før serien for andre eller tredje gong, alt etter som, blei avslutta hausten 2013.
Futurama er science fiction-animasjonsserien til The Simpsons-skaparen Matt Groening, og handlar om Fry som blir frose ned i 1999 og tint opp igjen i år 2999, og som etter kvart får jobb hjå ein fjern nevø i fraktbyrået Planet Express. Ikkje den største overgangen frå å vere pizzabod i 1999.
Oppbygginga av episodane er lik mange andre animasjonsseriar, med ein start og ein slutt. Historiene er sprø og urealistiske og dreg det ekstra langt ut i eit futuristisk science fiction-miljø med romvesen og robotar. Oppi dette har me vår kvardagslege mann Fry, karakteren som med beina veldig hardt planta i ei idiotisk 1990-talshaldning, kan sette ting i perspektiv for oss. Ikkje ved å filosofere, men ved å vere sitt dumme sjølv.
Serien var ein personleg favoritt for mange år sidan. Eg fekk tidleg auga opp for Futurama, og kan seiast å vere eit større Futurama-fan enn The Simpsons-fan til samanlikning. Etter fem år var det på tide å sjå serien igjen, og det med store forventningar. Serien klarar ikkje å innfri alle forventningane, noko som naturlegvis er vanskeleg etter så lang tid. Men episodane er så ulike at eg hugsar tråden i alle etter kvart som eg såg dei, og i lys av dette kan eg sjå kor mykje eg faktisk følgde med førre gong. Misforstå meg ikkje, eg sveipa over denne første sesongen som det var ein iskald boks med Slurm.
Det er ingen tvil om at dei første sesongane av serien er å anbefale. Futurama står sterkt både som ein science fiction-serie og som ein animert komiserie. Det er oppfinnsamt, sprøtt og nok av tidlause episodar.
Dei siste sesongane har derimot vore mindre gode. Om dette skuldast ei endring i humoren eller oppbygginga, for mange år med repetisjon, eller at eg har endra humoristisk sans, det har eg ingen svar på. Men dei siste sesongane har i hovudsak vore grei tidtrøyte framfor ein personleg favoritt. Eg ser ingen grunn til verken å anbefale eller åtvare. Det går seg til når, eller om, du ser serien så langt.
Så gjenstår det å sjå om Futurama er over for godt. Interessa frå publikum har gått ned, men folka bak står klare til å lage meir om Comedy Central skulle endre meining. Eg for min del kan klare meg utan meir.