Hopp til hovedinnhold
Plakat for Galapagos (2006)

Galapagos

Serie
4

Galapagos er ein dokumentarserie frå BBC i ånd av Planet Earth, og leverer i løpet av tre episodar visuelt fengjande foto, historia til øygruppa som me kjenner den og ei innføring i dyre- og plantelivet.

Då Galápagos ligg eit godt stykke utanfor vestkysten til Sør-Amerika og har vanskeleg tilgjengeleg landskap har naturen der vore relativt godt verna fram til moderne tid. Livet der har følgt si eigen utvikling og byr på artar som ikkje finst maken til andre stader i verda. Vulkanar har skapt øyene og driv enda på, sakte rører dei seg austover og søkk ned igjen under havoverflata. I tal eksisterer det 13 store øyer, seks mindre øyer og 107 småberg.

Som om det var nokon tvil, har Galapagos ein rik natur å ta for seg. Det er sikkert nok til langt meir enn dei tre timeslange episodane som utgjer miniserien. Eg håpar det mest interessante har blitt dekt.

Bileta gjer også sterkt inntrykk i meldinga på The Friends of Charles Darwin (friendsofdarwin.com). Der blir serien kalla ei uvanleg flott visuell oppleving, med mykje ros til forteljarrøysta til Tilda Swinton. Det er lett å kjenne seg igjen i entusiasmen. Dei tre episodane gir ikkje berre informasjon om øyene, men ei kjensle av å få komme tett på eit dyre- og planteliv som i seg sjølv er fascinerande å sjå.

Charles Darwin blir og nemnt, som visstnok skal ha blitt inspirert til arbeide og boka The Origins of Species etter eit kort besøk. Verdsunike havøgler, gigantskilpadder, Galápagos er fascinerande.

Heile sanninga om øyene får du ved å sjå dokumentarserien, berre brøkdeler har blitt gjengitt her.