Generation Kill - Filmdagbok

Generation Kill 2008

Generation Kill er for krigen i Irak det som Band of Brothers er for andre verdskrig. Ikkje heilt på same nivå, men nokolunde av same art.

Det handlar om ei gruppe soldatar som skal angripe Bagdad i 2003, og ein journalist som blir med på turen. Det er ei reise full av farar, heltar, personlegdommar, feil og alle dei sidene ein krig og dei medverkande i ein krig har.

Med andre ord er Generation Kill både ein serie med innsikt i krigføring og kva det betyr for soldatane, og ei spennande historie. Det er mykje eit kulturstudie, i blant den mørkaste humoren, og eit innblikk i interne konfliktar.

Forutan å vere ei oppsummering av alle ingrediensane i serien, som er min måte å skryte over dette på, vil eg avslutta med eit par konkrete ord. Generation Kill gav meg mange timar med god underhaldning, som også er noko meir enn tanketom action. Det er ein serie som kan bli anbefalt på det varmaste.