
Gift ved første blik
Eg har sett mange sesongar av den norske versjonen av Gift ved første blikk, og stort sett tykt det var ein interessant serie. Med unntak av den siste sesongen hittil, med ei nytt format som reduserte han til å bli søppel.
Så det å sjå den ellevte sesongen av den danske utgåva av Gift ved første blik var som å få oppleve konseptet slik det alltid burde ha vore. Sett bort frå både nytt og gamalt format av den norske versjonen.
I den danske serien så er personane som giftar seg ein god match. Alle kan ordlegge seg, reflektere, ha samtalar. Eg meiner ikkje at alt her er ein dans på roser, og klyppinga byr på godt drama. Men det framstår ikkje som noko tullete greier som skal mane til konflikt.
Kor underhaldande dette er, blir vurdert ulikt. I omtalen av den danske sesongavslutninga frå 2025 på Avisen.dk (avisen.dk) kallar Søren Baastrup sesongen nokså kjedeleg. Eg opplever nettopp den rolegare forma som ein styrke. Det er samtalane og måten deltakarane prøver å forstå kvarandre på som gjer meg interessert, og då treng ikkje kvart møte å gi eit stort dramatisk utslag.
Dette er blant det betre eg har sett av kjærleiks-reality.
