I TVNorge-serien Gift ved første blikk, møter me kvar sesong deltakarar som har meldt seg på serien fordi dei vil gifte seg.
Eit sokalla ekspertpanel gjer intervju og testar av eit stort utval påmeldte, og set til slutt saman eit fåtal med par. Det er desse para serien då vil følgje.
I sesongpremieren møtes dei som utgjer para kvarandre for første gong, og det er like før dei skal gifte seg. Vidare følger serien dei nygifte og ser korleis dei taklar samlivet, kvardagen og om dei passar like godt i verkelegheita som på papiret.
I løpet av sesongane som har gått, så har ikkje utfallet nødvendigvis vore det beste. Men nokre par finn tonen. Andre slit mykje, og deira måte å takle situasjonen på blir då foreviga på tv.
Det er underhaldning først og fremst, men det er òg lærerikt. Eg blir obs på korleis folk snakkar, samhandlar, er ulike og reagerer når dei er komfortable og under press. Dei påmeldte er frivillig deltakande, og framstår som oppegåande folk som har tenkt gjennom valet sitt, noko som tilfører serien ein form for seriøsitet.
Eg kjem nok til å halde fram å sjå serien når neste sesong rullar over skjermen.