Hopp til hovedinnhold
Plakat for Gilmore Girls: A Year in the Life (2016)

Gilmore Girls: A Year in the Life

Serie
4

Gilmore Girls: A Year in the Life er ei fortsetting på tv-serien Gilmore Girls. Det er cirka ti år sidan tv-serien slutta, og mykje har skjedd i livet til kvinnene. Den nye serien består av fire episodar på ein og ein halv time, kor kvar episode er lagt til ei eiga årstid.

Då eg i stor grad blei oppslukt av Gilmore Girls når eg for ikkje lenge sidan såg serien, er det både kjekt og litt rart å få nye episodar som har hoppa så langt i tid. I tillegg var eg innstilt på at serien var slutt etter sjuande sesong.

Men til å vere ein oppfølgar er dette ein fin serie. Han legg ikkje lista for høgt for seg sjølv, og leverer på å gi eit innblikk i kva som kan skje med karakterar i ein serie mange år etter. Og gir slik liv til karakterane på ein god måte.

Gleda over dei kjende ansikta er også stor hos skribenten på Traveling Light (absoluteperseverance.wordpress.com). Omtalen finn mykje fin nostalgi og set pris på korleis tap og gamle forhold blir handsama, men er svært kritisk til at Rory verkar så lite moden. Eg er meir nøgd med gjensynet som heilskap. Det er likevel eit forståeleg spørsmål kor mykje menneska burde ha endra seg etter så mange år.