Gilmore Girls: A Year in the Life er ei fortsetjing på tv-serien Gilmore Girls. Det er cirka ti år sidan tv-serien slutta, og mykje har skjedd i livet til kvinnene. Den nye serien består av fire episodar på ein og ein halv time, kor kvar episode er lagt til ei eiga årstid.
Då eg i stor grad blei oppslukt av Gilmore Girls når eg for ikkje lenge sidan såg serien, er det både kjekt og litt rart å få nye episodar som har hoppa så langt i tid. I tillegg var eg innstilt på at serien var slutt etter sjuande sesong.
Men til å vere ein oppfølgjar er dette ein fin serie. Han legg ikkje lista for høgt for seg sjølv, og leverer på å gi eit innblikk i kva som kan skje med karakterar i ein serie mange år etter. Og gir slik liv til karakterane på ein god måte.