Girls er ein serie om nokon jenter og venninner som lev i New York. På kvart sitt vis er dei enten bortskjemte eller fullstendig irrasjonelle. Det er det spesielle ved serien, og minuset.
Dramaet og deler av humoren, karakteren og handlinga i Girls er stort sett interessant nok. Men når det kjem til stemma til serien, og vinklinga av dei mange irrasjonelle handlingane, er dette ein fæl serie.
Det er ikkje måten mykje blir tatt useriøst på som plagar meg, men heller der kor serien prøver å vere seriøs og kjem med det som sannsynlegvis er dei forvridde verdiane og livssynet til Lena Dunham.
Girls er ein serie for si tid. Det er ingenting overraskande ved at serien indirekte hyllar dei dårlege sidene ved menneske. Det er stort sett narsissisme det går i.
På bakgrunn av irritasjonen som har vakse på tvers av sesongane på bakgrunn av grunnlaget til serien, er min dom negativ. Det betyr eigentleg berre at noko over halvparten av serien ikkje har vore så god som eg skulle ønske den var, mens resten har vore bra.