Hopp til hovedinnhold
Plakat for Godless (2017)

Godless

Serie
4

Det er noko eige med ein god western. Godless treff frå første stund. Det byrjar langsamt. Men stemninga er på plass. Det er eit skite uttrykk og ein mørk undertone. Me får eit indirekte forvarsel om at noko skal skje.

Serien hentar mykje frå klassisk western. Men med sin eigen vri.

Jeff Daniels er god som brutal skurk. Endå meir imponerande er Merritt Wever som Mary Agnes.

Det eg skulle ynskt var at det fanst meir. Med berre sju episodar får ikkje alt plass. Det siste oppgjeret er storstlått, men over toppen urealistisk. Trur eg. Likevel er dette ein serie med mykje bra å fortelje om, og eit friskt pust i ein sjanger som ofte berre resirkulerer dei same forteljingane.

Omtalen på Obsessive Media Disorder (henrygimpel.wordpress.com) endar med mykje av den same kjensla. Skribenten likar figurane og det langsame tempoet, men meiner éin episode til kunne gitt avslutninga betre plass. Det store oppgjeret blir underhaldande, men bryt òg med den meir jordnære tonen. Eg kjenner att begge delar. Eg ville gjerne hatt meir av dette universet, og finalen tek litt hardt i.