Visse forventningar var knytt til Gossip Girl når han kom. Det var den nye serien til Josh Schwartz, som hadde stått bak serien med ein av dei beste første sesongane eg har sett, The O.C.
Gossip Girl er basert på ein bokserie om intrigar blant rike ungdommar i New York. Serien er ei sokalla tenåringssåpe og tar på mange måtar drama likt det i The O.C. til eit nytt miljø. Her er det mindre komedie og meir alvor. Det hindrar ikkje serien i frå å vere morosam, eller lett og ledig, for det er han i blant.
Eg håpa at Josh Schwartz hadde lært av feila han gjorde med The O.C. Dette var ein av grunnane til at eg gav Gossip Girl sjansen. Eg forventa godt tenåringsdrama, og ei stund leverte serien det i massevis. Karakterane er gode og enkle å plassere, i tillegg til at dei har nok komplekse sider som gjer dei interessante utover innleiinga. Samtidig spelar miljøet ei så stor rolle at eg forventa dette ikkje vil døy ut i starten av andre sesong.
Gossip Girl fekk likevel eit problem allereie i andre sesong, og det var at første sesong var for god. Akkurat som i The O.C. så skjedde rett og slett for mykje. For at tenåringssåpe og -drama skal vere bra må det skje ting, ting er som regel forhold. Lykkelege forhold er kjedeleg, derfor må folk slå opp. Interne romansar blir fort tynne, eksterne blir sjeldan så gode.
Eg mista altså litt taket på Gossip Girl etter dette. Sjølv om ein og annan periode gav meg den nødvendige dytten vidare. Det er likevel ikkje til å skyve under ein stol at ei stadig større årsak til at eg såg vidare og fullførte serien, var eit slags pliktløp for å bli ferdig. Det betyr i stor grad at serien leverte midt på treet etter kvart og at eg kunne ha brukt tida mi betre.