Grace and Frankie - Filmdagbok

Grace and Frankie 2015

Grace and Frankie er ein artig, men ikkje hysterisk serie.

I hovudrollene har me fire eldre personar. To kvinner og to menn. I første episode ber mennene om skilsmisse. Dei kjem ut av skapet som homofile og innrømmer eit 20 år langt forhold med kvarandre bak ryggane til kvinnene. Kvinnene dei har vore gift med i 40 år.

Det som skjer vidare er at kvinnene blir kasta ut i ei ny tilvære, ei blanding av å måtte finne seg sjølv på nytt, og handtere sjokket og sinnet som kjem i samband med overraskinga og sviket.

No er Grace and Frankie ein komedie, og blir oppsummert som irreverent i den samanhengen. Eit passande ord, som gjerne blir brukt om mange komediar, men det er ikkje feil. Oversett og tilpass betyr det noko sånt som at serien ikkje går inn for å reflektere sakleg over tematikken, men heller gjer ting som å spele på stereotypar enn å gå for politisk korrekt. Ein kritikk av det å vere politisk korrekt er på sin plass ein annan gang.

Grace and Frankie er med andre ord artig om du ikkje er ein grinete person som tar deg nær av at formidlinga til andre ikkje passar inn i ditt verdsbilde. Som sagt er det ikkje ein hysterisk serie. Han er kanskje litt for typisk, og har eldre folk i hovudrollene som sitt særtrekk. Eit positivt særtrekk på sett og vis, og solide skodespelarar.