Når du er student så har du gjerne noko ekstra tid i periodar, då det er mindre studering og meir fritid på gang. I sånne periodar hentar eg gjerne fram dei enklare og lengre dramaseriane. Eit år var det Dawson's Creek, denne gongen er det Grey's Anatomy.
Eg har i skrivande stund sett fem sesongar av serien, og har dermed nok grunnlag til å ytre nokon ord om dette.
Grey's Anatomy er eit sjukehusdrama. Vårt faste rollegalleri består stort sett av doktorar. I første sesong er dei interns, men blir fullverdige doktorar etter ei stund.
Episodane tar stort sett for seg ei eller fleire hendingar, og avsluttar desse. Det er pasientar med alvorlege sjukdommar, eller som har hamna i ulykker. I grunn mykje ulikt. Nokon blir verande i fleire episodar, og bidrar til stadige lengre historier.
Serien byr også på mange av dei problema til dei tilsette i jobben og privat. Målet er alltid å skape skikkeleg dramatikk, og her tykkjer eg at serien lykkast. Det kan gå for langt, det kan bli for opplagt eller by på irriterande avgjersler frå visse karakterar, spesielt ein som blir spelt av Katherine Heigl. Men det er nok å bli hekta på.
I ein langvarig serie som fem sesongar trass i alt er, så skjer det byte av folk etter kvart. Og det er noko Grey's Anatomy veit å spele på. Skal ein person forlate serien, gjerne ved sesongslutt, så blir det ikkje lagt dempar på verkemidla.