Den relativt kortlevde komedien Happy Endings startar godt, men har ikkje evne til å halde det gåande så altfor lenge.
Karakterane som er lette å like er også lette å bli kjent med og involvere seg i livet til. Og dei har ein vittig sans for humor som er spesialiteten til serien. Men over tid blir episodane i seg sjølv mindre vittige, og grunnlaget for serien viser seg å vere litt tynt.
Med det meiner eg at serien ikkje har ryggrad nok til å halde det gåande i fleire sesongar. Eller dei som står bak ikkje var dyktige nok til å vri det dit hen. For etter kvart har ikkje karakterane noko nytt og interessant føre seg.
Eg kan verke i overkant negativ når eg skriv dette. Sanninga er at eg hadde stor sans for dette ei stund, og synst det var ein utruleg artig serie. Eg blei difor skuffa når det gjekk dårlegare etter kvart. Som er grunnen til at eg i det heile bryr meg med om å gå så i detalj på kritikken.