
Harry & Charles
Harry & Charles er ein norsk serie som over tre lengre episodar tar for seg liva til kong Haakon VII og dronning Maud mens dei endå var eit prinsepar. Harry og Charles var deira kallenamn.
Serien leverer heilt greitt drama, men er ikkje noko høgdepunkt i verken norsk eller internasjonal seriesamanheng. Han er visst også nesten fullstendig oppdikta, og har då heller ikkje det ved seg å kunne gi eit lite innblikk i norsk historie heller.
På Livet leker (livetleker.wordpress.com) blir skiljet mellom fakta og fiksjon eit større problem. Skribenten lét seg rive med av dramaet, men opplever at dei oppdikta hendingane endrar biletet av dei historiske personane, sjølv med ei åtvaring om fiksjon. Det utdjupar innvendinga mi. Ein serie kan fungere som drama utan å gi særleg historisk innsikt, men det er ikkje alltid lett å legge bort det me har sett etterpå.
Eg vel likevel å ikkje kritisere dette noko særleg meir, då det er kva eg vil kalle gjennomsnittleg bra. Dessutan har me også gode skodespelarar som veg opp.
