Haters Back Off! handlar om Miranda Sings, ein figur som har hatt stor suksess på YouTube, og no har fått sin eigen serie på Netflix. Serien tar utgangspunkt i at Miranda er ein ekte person, som med hjelp frå sin onkel prøver å slå gjennom.
Serien brukar noko tid på å gjere meg emosjonelt involvert, men er elles passe fornøyeleg og komisk i frå starten av. Miranda er usmakeleg, og ein fin figur å bygge opp eit snodig miljø rundt.
Det er Steve Little i rolla som onkelen til Miranda som stikk av med prisen for beste presentasjon. I endå større grad enn kva Colleen Ballinger gjer som Miranda bidrar han til å gjere idiotien truverdig. For min del skadar det heller ikkje at eg har sett Steve Little spele ein naiv tulling i Eastbound & Down.
Som nemnt manglar serien litt djupne innleiingsvis. Men Miranda går på sitt vis gjennom ein slags modningsprosess etter kvart, og eg er fornøgd med retninga serien tar. Sånn sett håpar eg denne blir fornya, og at han held fram i same baner. Og at Colleen Ballinger i større grad får gjort meir ut av karakteren Miranda, samtidig som dei andre leverer vidare.
Sjølv om eg endå ikkje vil rangere serien som veldig god, anbefaler eg å gi serien ein sjanse utover å berre sjå ein episode eller to, om du i heile tatt er nysgjerrig og håpefull på kva serien er.
Det som eg skreiv over var tankane mine etter at eg såg første sesong. Det var ein sesong som viste eit potensiale, men som andre sesong ikkje levde opp til. Eg mista interessa for serien når eg såg andre sesong. Det var som at sesongen stadfesta at trua om eit potensiale berre var tilfeldig. Eg enda opp med å både kjede og irritere meg, og er glad for at serien ikkje blir fornya med ein tredje sesong.