Hopp til hovedinnhold
Plakat for Heimebane (2018)

Heimebane

Serie
4

Heimebane er ein norsk serie på to sesongar, om fotballaget Varg som held til i Ulsteinvik. Det er ein fiksjonsserie, med kjente skodespelarar som Ane Dahl Torp, John Carew og mange andre som du ser titt og ofte i norske seriar.

Serien leverer ein sterk første sesong, med mykje dramatikk og sport rundt fotballaget og fotballspelarane. Det er også byrjinga på historia om ein kvinneleg trenar i det mannsdominerte herrefotballmiljøet. Her er det lett å la seg bli oppslukt i ein sesong med god driv i handlinga.

Den tidlege begeistringa finn eg òg hos Andrea Kunz på Universitas (universitas.no). Etter dei tre første episodane rosar ho blandinga av humor, drama og skildringar av kjønnsfordommar, og meiner ein ikkje treng å vere fotballinteressert. Det passar med det som greip meg i første sesong. Det er menneska og motstanden rundt laget som gir sporten dramatisk kraft.

I andre sesong renn det heile ut i sanden. Serien mista sjarmen sin, det er atlfor påtatte dramatiske arkar, og lite truverdig det som skjer. Det er godt nok til at eg ser ferdig serien, men eg kunne ha klart meg med første sesong.