
Helikopterrånet
Denne svenske serien overraska meg positivt. Her kjente eg på ei kjensle av godt gjennomført serie. Både skodespelarane og manuset held høg standard, og historia klarer å halde grep om merksemda mi, trass i at ho kan vere føreseieleg.
Eg veit aldri heilt veit kven eg eigentleg heiar på. Serien tek ikkje eit standpunkt, men lèt oss følge utviklinga sett frå ulike sider. Det gjer opplevinga engasjerande i dette tilfelle. Ikkje minst når det kjem til korleis karakterane handterer utfordringar.
Spesielt sterk står framstillinga av relasjonane mellom dei ulike karakterane. Handlinga er ikkje berre eit ran, men ser på kor langt nokon er villig til å gå. Samstundes opplevde eg at etterforskingslaget ikkje heilt overtydde, her blei karakterane for anonyme til å vere interessante.
Vennskapet mellom Michel og Rami blir òg sett som hjartet i historia på Valentin is Watching (valentiniswatching.wordpress.com). Valentin rosar dei moralske dilemmaa, men er meir positiv enn eg til etterforskaren Leonie og hennar personlege historie. For meg står ranarane tydelegare fram. Me er likevel samde om at relasjonane gir spenninga meir å spele på enn sjølve ranet.
Serien unngår nok thrillarklisjéar til å bli noko eige. Han bygger spenning i små detaljar og stemning. Eg sat att med ei kjensle av at dette er god krim. Han er verd å få med seg, og du treng ikkje vite noko om historia på førehand.
