Hopp til hovedinnhold
Plakat for Hello Ladies (2013)

Hello Ladies

Serie
3

Stuart (Stephen Merchant) er ein høg, tynn og litt rar fyr som ikkje har den store lykka med damene. Han er britisk og bur i Los Angeles, og leiger ut uthuset sitt til Jessica (Christine Woods).

I løpet av serien prøver han å bli populær og likt på nesten litt for stor rekning. Jessica prøver å slå gjennom som skodespelar, og har ikkje hell i sine forhold heller, men ho har i det minste forhold.

Det er ein litt daff serie, som tar si tid på å komme inn i varmen, men som er blitt kjekk å følge når han rundar av etter sin einaste sesong. Serien fekk ein oppfølgar i form av ein film, som nøysta opp i lause trådar, fungerer godt som film, og som framhald på serien.

Hello Ladies er god på ei form for komedie eg likar lite. Her møter eg flaue situasjonar og folk utan sosiale antenner. For meg var dette eit hinder å komme forbi før eg kunne sette pris på dei andre lune kvalitetane til serien, men det er greit å nemne at serien aldri tar av heller.

Brian Tallerico er meir begeistra allereie etter dei to første episodane på RogerEbert.com (rogerebert.com). Han meiner samspelet mellom Stephen Merchant og Christine Woods gir serien noko meir enn berre pinlege situasjonar. Det er ei side eg også etter kvart set pris på. Men for meg står ubehaget oftare i vegen for humoren, og det tek lengre tid før eg finn nok varme i dette selskapet.